Fjord Regnskap_150621_Anunatak_WEB-07.jpg
 
 

Lat oss ta årsoppgjeret for deg

Vi veit at du har mykje å gjere. Lat oss ta hand om årsoppgjeret for deg. Ikkje berre sparer du verdifull tid som du kan bruke på andre område i bedrifta di, men du sørgjer også for at årsoppgjeret blir gjennomført effektivt og med høg kvalitet. Vi tek årsoppgjer som ein del av totalpakka vår, men du kan også bestille det som ei uavhengig teneste til fastpris basert på type og storleik på bedrifta di.

Vi hjelper deg også med å lage dokument og protokollar til styremøte og generalforsamlingar, og vi har erfaring frå AS, SA, ANS, DA, stiftingar og enkeltpersonføretak (EPF) – også frå landbruk.

Årsoppgjeret som styringsverktøy

Årsoppgjeret blir levert så tidleg som du ønskjer. Du kan derfor bruke det som eit godt styringsverktøy for deg og bedrifta di, og du er rusta for all slags vêr – både medvind og motvind.

 

Dette hjelper vi deg med

 

aksjonærregister

 

skatteberekning og orientering om skattereglar

rettleiing i verdsetjing av varelager, fordringar og anleggsmidlar

 

deltaking på styremøte/generalforsamling og utkast til protokollar

 

skattemelding og andre skattedokument for enkeltpersonføretak og aksjeselskap

skattemelding for lønsmottakarar og pensjonistar