Fjord Regnskap_150621_Anunatak_WEB-01.jpg
 
 

Vi kan landbruk

Vi er ikkje redde for å lukte fjøs. Kombinasjonen av kompetanse på både rekneskap og landbruksbransjen gir eit godt grunnlag for god rådgiving. Vi har lang erfaring med å føre rekneskap for landbrukskundar og brei kunnskap om gardsdrift.

Denne kunnskapen og erfaringa gjer at du trygt kan overlate rekneskapsføringa for garden din til oss.

Ein rekneskapsførar som fører landbruksrekneskap, får eit godt innblikk i gardsdrifta. Tala avspeglar om aktiviteten er lønsam, og om det er noko som bør endrast. Innsikta gjer at vi kan gi gode råd til deg som bonde.

Rådgivarar i medvind og motvind

Skal du investere i nye maskiner eller bygningar, kan det vere lurt å ha oss med tidleg i prosessen slik at du kan bruke tida di på drifta. Vi kan hjelpe deg med å avklare finansiering, om det er lønsamt, og om du har økonomi til å gjennomføre investeringa.

Vi ønskjer at du som bonde skal kunne handtere rekneskapen enkelt og effektivt. Derfor tilbyr vi deg som landbrukskunde ein heildigitalisert rekneskap gjennom rekneskapssystemet Duett.

Vi hjelper deg gjerne også med generasjons- og eigarskifte på garden.