Fjord Regnskap_150621_Anunatak_WEB-10.jpg
 
 

Digital rekneskap

Når det stormar som verst på toppane, er det viktig å halde hovudet kaldt – puste med magen, ha kontroll. Med digital rekneskap får du ei heilskapleg oversikt over økonomien i bedrifta di. Du har alltid full kontroll på utvikling og likviditet – anten du er på ein fjelltopp i uvêr eller i båt på ein roleg fjord. Du kan puste vel vitande om at det blir tatt hand om rekneskapen din.

Vi leverer alle rekneskapstenester innanfor bokføring, løn, timeregistrering, reiserekning, fakturering, landbruk, prosjektrekneskap, likviditetsstyring med meir.

Våre rådgode medarbeidarar tilbyr deg effektive og moderne rekneskapsløysingar tilpassa behovet ditt. Løysingane har saumlaus integrasjon mot blant anna bankar og ulike kassasystem, slik at det blir mogleg med attestasjon frå fleire attestantar. Du kan enkelt importere informasjon frå dei andre systema dine, for eksempel journalar frå kasser eller fakturajournalar.

Fjord Regnskap_150621_Anunatak_WEB-35.jpg

Du kan leige ein av oss

Vi veit at du har mykje å gjere, derfor kan du leige ein rekneskapsførar, lønsansvarleg, økonomikonsulent eller rekneskapssjef hos oss. Vi styrkjer deg med den rådgode økonomiekspertisen vår – slik at du kan bruke tida di på det du er best til.

Vi kan kome til deg éin eller fleire gonger i veka, eller etter ditt behov. Denne måten å jobbe på gir rådgivaren vår meir inngåande kunnskap om bedrifta di, slik at vi kan gi deg dei beste råda.

Rekneskapstenestene våre

  • Bokføring og rekneskapsføring

    Vi fører rekneskapen din i samsvar med god rekneskapsskikk. Dette inkluderer bilagshandtering, fakturering, lovpålagd avstemming og dokumentasjon, rekneskapsrapportar og meirverdiavgift- og skatterapportering.

  • Faktureringsløysingar

    Lei av fakturering og unødvendig tidsbruk? Effektiviser faktureringa og la oss gjere jobben. Det kan føre til forbetra likviditet og meir effektive rutinar, og arbeidskrafta blir brukt på riktige område. Ønskjer du å fakturere sjølv, kan du enkelt gjere dette i systema våre.

  • Løn frå A til Å

    Gjennom systema våre får du full kontroll over forhold knytte til ferie og fråvær for dine tilsette. Vi sørgjer for korrekt rapportering, at tidsfristar blir haldne, og at følsame opplysningar blir behandla fortruleg.

  • Fortløpande rapportering

    Fortløpande rapportering gir deg grunnlag for rette avgjerder og full kontroll. Vi hjelper til med all rapportering til dei offentlege etatane som Brønnøysundregistra, NAV og Skatteetaten. Eksempel på rapportering er a-melding og skatteskjema. I tillegg gir vi resultatrapportering for kvar periode direkte til bedrifta di, som gir deg betre styring i kvardagen.

  • Årsrekneskap og årsoppgjer

    Vi legg sjela vår i å levere årsoppgjeret så tidleg som du ønskjer, slik at du kan bruke det som styringsverktøy. Vi kan køyre årsoppgjeret i rekneskapsprogrammet vårt med direkte oppkopling til Altinn, der vi også sender inn alle nødvendige dokument til myndigheitene.

  • Skybaserte rekneskapssystem

    Papirlaus rekneskap er ein realitet. Det er enklare og gir betre oversikt. Vi tilbyr digital rekneskap der bilaga kjem direkte inn i rekneskapen på EHF/e-post eller bli skanna inn elektronisk og ligg arkivert i skya. Dei skybaserte rekneskapssystema våre er tilgjengelege via nettlesarar på alle plattformer uansett kvar du oppheld deg.